søndag 12. september 2021

 MOSES 1-6

2. Mosebok

MOSES – Israel - 1

1) 2. Mos. 1, 8-22; 2, 23-25.

Israel er i Egypt, etter Josef og Jakobs kome. 430 år etter. Nå var Israel ukjent. Deira sitasjon typisk for menneska - på minst tre måtar:

1. Israel si naud. Dei lei vondt, var trælar.

bygde byar for heidningar, av murstein utan halm.

Alt blei verre, mange døde.

Men i 1,17 og 21: Jordmødrene ottast Gud. Dei skulle ta abort på kvinner, men var ulydige. 5. Mos. 4,20: Egypts jernovn (1978: smelteovn).

Bilete på synda og verda= den øydelegg menneska.

Det endar i fortaping, evig brann.

Synda kan vera søt i byrjinga, men er trældom.

Jesus tala til religiøse: Joh.8,34: er synda sin træl.

Hebr. 11,25: kortvarig nyting av synda. Synda bind folk med usynlege band, lekkjor. Dei vert sterkare for kvar dag.. Samson var bunden, Dom. 16.

Israel var i naud - og det gjeld oss alle. Rom.3,23 alle har synda.

 

2. Israel si bøn. 4.Mos. 20,13-16. Det var ikkje ritualbøn, men eit hjarteskrik. I si fortviling gjekk dei til Gud. Han viste dei veg, og då er det von. Det er alltid vegen i trengsla. Den er alltid open. telefonen er aldri oppteken, kontoret er stadig opent. Mat.7,7.

Og Gud høyrde! 2,23-24. Ropet steig opp til Gud. Han visste kva som skjedde. Det kom ikkje uventa.

Gud er lik nå: "Gud hører bønner i dag som før."

Hallesby sa: Bønn er å slippe Jesus inn.- Jeg har så lun en hytte i bønnen¼

Salme 40,1-2; 34,7; 50,15.

 

3. Israel si berging. 2,25. Då er dei trygge.

= vårt håp, einaste redning i synda si natt.

Gud gjord ei pakt med folket. Kom dei ihug. = nådepakt.

Jes. 55,3: alt av Gud.

Ikkje vår gjerning, ikkje nok å gjera vårt beste.

Her gjeld berre Guds verk i Kristus. Det gjeld. Det gir full forlating og oppreisning.

For dei som trur: gå til Jesus med di naud. Salme 32: eg sanna mi synd for deg og skjulte ikkje¼ då frelser han.

Då tek han seg av oss. Heb. 2,16 Abrahams ætt tek han seg av. Då er du innafor nådepakta.

Er her nokon i nød? Her er han som kan løse hver syndebunden trell.

I denne tida kom Moses som reiskap for Gud.

 

 

 Moses - 2

2) 2. Mos. 2,1-6; 11-15; 3,1-6. Hebr. 11,23-27.

Moses var ein reiskap til å berga Israel ut or Egypt. Men han var uferdig. Han måtte ha hjelp, bli utrusta og leia. Israel var i nød, men Gud trong hjelp!

1. Moses sin barndom. Han var berga ved eit under. Alle gutar skulle kastast i Nilen.

Her blei foreldra brukt av Gud. Han var vakker for Gud, Apg. 7,20.

Dei var ikkje redd straffa, men gøymde han. Overlet han i Guds varetekt, i ei korg.

Gud hadde ein plan. Han ville bruka Moses - då veit han alltid veg.

2. Moses sitt val. Hebr. 11,24f. Han var vaksen, 40 år.

Han nekta å kallast Faraos dotterson, dvs. bli stor i denne verda.

Han valde heller liding, enn ei kort nyting av syndelivet. han akta Kristi vanære for større enn skattane i Egypt. = Livet med Gud er rikare enn alt i verda. Det er vår veg.

Det var eit enten eller for Moses. Josva 24,15: Vel i dag kven de vil tena. 1. Kong. 18,21: Kor lenge vil de halta til begge sider. Elias på Karmel.

3. Han prøvde å berga/ hjelpa Israel. 2,12.

Moses meinte det godt, trudde det var rett, men misforstod. Ikkje alt me trur er rett.

Han prøvde på kjøteleg vis, i eiga kraft. Mange går feil her.

Jødane sjølv vart redde, v. 14. Difor måtte han flykta, han var den skuldige.

Mange må lida av sine feilgrep i livet, og betala for si synd menneskeleg. Han vart i øydemarka i 40 år. Der skulle han bli reinsa, lutra og bli prøvd.

4. Moses møter Gud. kap. 3. Han får eit kall. 80 år gamal.

Nå møter han Gud i tornebusken, den brann ikkje opp.

Då vart Moses liten, audmjuka, hadde lita tru på seg sjølv. 3,11.

Møtte ein levande Gud, ein heilag Gud, ein frelsesgud, og fekk eit kall til teneste.

Me legg merke til at Moses var viljug å gå då han gjekk i kjøtet, men motet svikta då Gud kalla. Slik er ofte eit rett kall.

Slik kjem den same Gud til oss nå. Han treng viljuge vitne, i kvardagen, im offer og arbeid. Men ikkje dei som går i eiga kraft og mot.

Gud brukar ikkje englar eller fullkomne menneske. Men frelste syndarar, som har møtte den levande Gud!

 

 

Moses - 3

3) 2.Mos. 2,23-3,14.

Israel var i Egypt i 430 år, som trælar og leid vondt. Det er bilete på synda og verda, som endar i fortaping. Moses var på flukt i Midian. Nå møtte han Gud i tornebusken. Det er bilete på Israel i trengsle - og Guds folk.

Dette hende på Sinai - der lova skulle gjevast seinare. Tornebusken var ei openberring av Gud, korleis han var og om Israel. Det var ei ny og uvanleg hending. Det sette merke i Moses og gav ny kraft. Livet fekk ny retning, han vart utrusta til livsoppgåva. Moses skulle føra Israel ut or trældomen. Då trong han dette møtet. han fekk ei ny personleg erfaring med Gud. Og det er ei veldig kraft i livet. Kva fekk han sjå:

1. Han såg ein levande Gud, v. 2. Gud tala ut or den brennande tornebusken. . Og det var ikkje ein ny Gud, det var den gamle frå Abraham si tid og seinare., v. 6. Jfr. Apg. 7,30 - Stefanus, og Mark. 12,26f.

Menneska vil avskaffa Gud, dei trur ikkje lenger på han. han er til bry, difor må han bort. Dette ser me i TV, lovverket, skulen og privat. Mange reknar ikkje med Gud, det er materialisme.  Som 1.Kor. 15,32: Lat oss eta og drikka for i morgon døyr me.

Men Gud lever i dag! Gud viste det for Israel, ofte, ved dom og straff. Det same må vårt folk sjå.

2. Ein evig Gud, v.14. Tornebusken brann ikkje opp - det gjeld Israel som folk - og Israels Gud. Nå fekk han høyra namnet: Gud ER. Og det tyder nett at han lever, er til, han er ikkje tidsavgrensa. Og han kan ikkje forandra seg. Slik han var før er han nå. "Den Gud som var på Mose tid, er likedan i dag." Gud er ikkje snillare nå enn i GT. Hebr. 13,8 seier at Jesus er den same - der tilhøva i GT er nemnde. Og i Jak. 1,17 står at det ikkje er noka endring hjå Gud. Jesus sa mange gonger: Eg er ¼(særleg i Joh.). Då viser han truleg til dette namnet i 2.Mos. 3. Det kan ikkje uttalast rett og vert berre skrive JHVH. - Denne Gud er vår Gud.

3. `Han er ein heilag Gud, v. 5.

Ta skoa av, sa Gud - du er på heilag grunn. Og me er alltid det når me kjem inn i Guds nærleik.  Han løynde andletet. Det var ei sterk oppleving. Eit menneske kan ikkje sjå Gud og leva. Det fekk Moses oppleva, 2.Mos. 33,20. For han tåler ikkje synd. han er 3 gonger heilag, som Jesaja opplevde. Jes. 6. Og i Jes. 5,16 heiter det: Han syner seg heilag ved rettferd. Han er rettferd og vil ha rettferd også hjå oss.  Me må læra at Gud er heilag, me bveit det ikkje av oss sjølv, av natur. 3.Mos. 19,2 og 1.Pet 1,16.

4. Gud vil frelsa, v. 7ff. Det opplevde Moses her. Gud føl med oss, veit korleis me er. Nå har han stige ned og vil føra dei ut or Egypt. Midt i at han er heilag vil han hjelpa dei syndige.  Det er ekte kjærleik. Han vil frelsa det fortapte. Luk. 19,20. 1.Tim.2,4. Her ser me Jesu verk. Han tok våre synder. Me kan berre ta imot.

5. Då trong Gud hjelp, v.10. Han måtte ha eit sendebod. Han skulle hjelpa sitt eige folk som var i naud.  Difor kalla han Moses.

6. Tornebusken eit bilete på Israel i Egypt. Det var i naud, i brann, i stor trengsle. Busken var liten og forakta. Men den brann ikkje opp! Israel vil alltid bestå. Slik er det også med Guds menighet. Mat. 16,18. Gud vil bevara sine i trengsla, og føra oss ut i rett tid. Me har ein levande Gud, som vil frelsa - Noreg og Israel og Heidningane.

Men han treng faktisk hjelp - ved vårt vitnemål. I ord og liv og gjerning.

Dette møtet med Gud endra Moses, han blei ein mektig leiar. Kvifor? Han bøygde seg, 4,18, trass i innvendingar. Så fekk han hjelp av Guds stav, 4,20 (17).

Må me også få litt av brannen, leva nær Jesus så me aldri sloknar.

 

 

MOSES 4:

4) 2 Mos. 7-11.

Guds straff og dom over Farao og Egypt. Salme 105, 24-36.

Det var kamp mellom Moses (som representerte den einaste sanne Gud), og Farao (som representerte Egypt – både stat og religion).

 

Dei ti plagene hadde eit dobbelt sikte: 1) Dei skulle gjera Farao audmjuk så han gav etter og let folket fara, og 2) prova ovafor både Egypt og Israel at dei egyptiske (av-)gudane var maktlause ovafor Israels Gud Jahve.

 

DEI TI PLAGENE:

1. Vatnet i Nilen vart til blod (av utsjåande) (kap. 7,14-25). Egyptarane tilbad Nilen som gud (Hapi), og blod var ein styggedom for folket der. Difor viser dette fyrste underet at deira gudar var maktlause i møte med Jahve. Synd fører stor forbanning med seg. For i tillegg var var Egypt avhengig av Nilen – både drikkevatn (og vask) og for å vatna jorda i Nilen-deltaet.

 

2. Frosk som straff (8,6-15) (gml.: frøer). Frosken var tilbedd som symbol på skaparmakta i Nilen, men vart her til ei plage.

 

3. Mygg (8,16-19). Alle vart angripne, inklusivt prestane. Lova forbaud dei å stå for altaret så lenge det var mygg der. Dermed stansa all gudsteneste opp. Spåmennene til farao var dei fyrste som innsåg og erkjende at ein annan Gud var der, v. 19.

---

4. Fluer ((8,20-32). Egyptarane sin gud mot fluer, Ba’al Sebub, skulle verna dei mot dette, men var maktlaus. Her kjem unnataket: Gosen vart spart. Sjå det fine verset i v. 23: ”ei frelse til skilje”. Og her kjem Farao vedgåing (kompromis), han bed om forbøn, v. 28. Farao fekk varsel på førehand, v. 20.

 

5. Pest på kveget (9,1-7). Alle slags kveg vart angripne i heile Egypt. Dei heilage tempeloksane (Apis) vart tilbedne som gud, vart òg sjuke. Difor vart sjølve guden deira sett ut av funksjon. Men dyra til israelittane gjekk fri.

 

6. Byllar (9,8-12). Dett er den fyrste plaga som direkte rammar egyptarane sjølv. Til og med spåmennene fekk byllar, så dei måtte gje opp. Herren forherda Farao. Ingen varsel.

---

7. Hagl (9,(13)18-35). Heile grøda øydelagd, sjå Salme 78, 47-48. Salme 105. Farao sannar si synd for fyrste gong (9,27). Men erkjenninga hans gjekk ikkje i djupna, men var hykleri. ”I naud ropar folk på Gud!” Varsel.

 

8. Grashopper (10, 1-20). Dei egyptiske gudane kunne ikkje hjelpa her heller. Alle planter vart øydelagde. Landet vart utarma. Farao vedgår for andre gong og sannar synd. Tenarane pressa på: Lat dei fara!

 

9. Mørke (10,21-29). Sola var ein hovudgud for egyptarane (som i mange religionar). Faraos vedgåing for tredje gong. Men han var ikkje audmjuka nok.

---

10. Dei fyrstefødde døydde (11, 5 – 12,1-). Farao gjev seg utan vilkår – for fyrste gong, men for seint! Den største av alle plagene. Israel var grusomt undertrykt – sterk straff: Alle fyrstefødde drepne – frå kongen til trælar og buskap.

 

- Farao var sjølv ansvarleg for ulukkene. Han forherda seg på grunn av at han ikkje ville bøya seg for Guds vilje. Det førte både til straff over Egypt og at Herren forherda Farao.

 

 

5) 2 Mos. 4-10/11.Utgangen frå Egypt.

Her er ei veldig hending. Mange ting hender, og me kan berre ta med eit oversyn og litt meir om einskilde saker. Israel var i Egypt i 430 år (Gal 3, 17). Folket var nedslitne, 2 Mos. 6, 9. det var ikkje (berre) uvilje, med dei var sløve og trøytte. Kva skjedde?

 

1. Gud kalla ein reiskap, kap. 3. Moses var utvald. Det var nåde – han var ein mordar.

 

2. Reiskapen hadde tvil – fleire gonger. Moses kjende seg uverdig, for liten – det er eit godt teikn! Kanskje me har for mange ”flinke”. Han hadde fire orsakingar:

a) Han var udugeleg, 3, 11: Kven er eg? Han fekk eit teikn, v. 12. Han skulle kom att til same staden/fjellet. Sjå kap. 19, 2. – 2 Kor 3,5: Vår dugleik er av Gud.

b) Han kjende ikkje Guds namn. Kven han er, v. 13. Det var mange gudar i Egypt, og korleis kunne han vera viss om at dette var Israels Gud? Det er farleg for ein Guds tenar å ikkje kjenna Gud! Ikkje kunnskap i tanken, men hjarta er viktig. – Svar: Jahve = Eg er – ein levande Gud, 14. Moses fekk mykje å gjera med han.

c) Folket var vantru. 4, 1. Moses var redd. Han hugsa nok for 40 år sidan! Folket si vantru er ofte ei lekkje for oss, og me tenkjer: det nyttar ikkje meir. Svar = 3 under: Stav, hand, vatn til blod. Gud er allmektig, og vil visa folket det. Nå!

d) Eg kan ikkje tala. 4, 10. Moses stamma? Fann ikkje rette ord? To svar = i) v. 12: Herren skal læra han – var ikkje ferdig i Guds skule. ii) v. 14: Fekk medhjelpar: Aron, broren. (Moses var mest fortvila no: Send kven som helst, v. 13, men Gud gav ikkje opp!

- Gud har alltid svar, hjelp og utveg. Moses gav seg til slutt – og gjekk til Egypt.

 

3. Moses i Egypt. = hans misjonsmark no. Møtte farao. Hovudsaka var: Folket skal ut, dyrka sin Gud på sin måte. Guds folk måtte ut or synda, verda, trældomen.

Her møtte Moses hindringar. To krefter stod mot kvarandre: Moses – representant for Gud/Jahve, og farao – repr. For verda og djevelen. Slik er det alltid.

Farao repres òg makta, militæret, politikken. Dette har ofte vore på djev. si side. Gud måtte tvinga farao, og senda 10 plager. Meininga med dei (hensikten) var dobbel: 1) Gud skulle audmjuka farao slik at han gav etter; og 2) prova at gudane i Egypt var utan makt, at det var Israels Gud som styrte. Og dette skulle gje Israel mot til å dra ut.

 

Dei ti plagene:

Dei kan delast inn i 3 x 3 + 1.

Den fyrste i kvar av dei tre gruppene skjedde tidleg om morgonen (kap. 7, 15). Dei to fyrste i kvar gruppe kom etter varsel til farao – den siste utan forvarsel. Gud trugar med straff, og let ho koma.

1. gruppe: galdt heile Egypt – òg Israel.

2. gruppe: Her kom skilje mellom Israel og Egypt, kap. 8, 23: ”ei frelse til skilje”, dvs. Israel skulle verta berga, det skulle farao sjå.

3. gruppe: Desse var verre enn dei fyrste, og berre over Egypt. Det var eit varsel om den endelege domen.

 

MOSES – 5-6. 

6) 2. Mos. 12,1-14.

Påske - utgang og forbigang.

Stor høgtid i Israel. 4 Mos. 9: dei ureine feira 1 månad seinare.

Førebilete på frelse - frå synda sitt slaveri til fridom i Kanaan. Apg. 26,18. Kol.1,13. 1.Kor.5,7.

Jesus er altså omtalt ved førebilete her.

Bakgrunn: Guds dom over synd. 11,5: død. Gud kravde død over synd og syndar. Ramma heile Egypt, utan omsyn til alder. v. 6: Guds dommedag. Nå. Rom.3,23.

MEN: Gud ordna ei frelse. Joh. 3,16. på ein bestemt måte, den var sikker. Jødane slapp fri.

Slik nå: det er ein veg frå synda til himelens port.

Fleire ting:

1. Eit lam nødvendig. Det var redninga. Utan det blei ingen fri.  v. 5 utan lyte - bilde på Kristus.

2. Måtte slaktast elles unyttig.  skulle døy - blei stedfortredar for jøden, Israel.

Slik er Jesus unyttig utan døden. Berre som det slakta lam kan han frelsa. Nokre har Jesus som ein stor lærar, eksempel, moralpred. ideal - eller for å bli lykkelig. Det er rett og sant, men frelser ikkje.

Joh. 1,29, Åp. 5,9. 1.Pet.1,19.

Er du frelst ved blodet? Har du sett det slakta lam for di skuld? Det er frelse.

3. v.7: Blodet måtte brukast, elles unyttig. Skulle vera eit teikn for mordarengelen.

Blodet må strykast på kvar dør, personleg bruka det. På kvar side, oppe - men ikkje nede, skulle ikkje trakkast på. Men du er verna på alle kantar.

Me må bruka det på hjartedøra, bli reinsa i blodet, det er frelse. Op.7,14f. vaske kjolane sine difor er dei…

Korleis: ved å overgi seg til Gud= omvending. Det er å sanna si synd, tru på blodet som betaling for synda.

4. v. 8: Lammet skulle etast, var styrke på vegen. Dei hadde ei lang reis framfor seg. . Me treng åndeleg mat, for å leva og å arbeida for Gud. Kva lever di sjel av? Lovar, bod, verdsleg underhaldning. Svelteforar du di sjel?

Den rette maten er lammet, me treng stadig å høyra om det. 188: Det blir sunget en sang av enfoldige små. Det er høgtid, v. 14.

7) MOSES -6. - 2. Mos. 12, 8-11.

Påske er utgang av Egypt.  Nytt år tek til for jød. Dei var berga ved blodet og lammet. Joh. 12,9 Dei skulle eta lammet, styrke på vegen og tenesta. Korleis skulle dei eta? Det er bilete på kristenlivet. På reisa til himlen, og vera til nytte for Gud?

1. Med usyra brød. 7 dagar eta det, de usyra brøds høgtid. Alle surdeig måtte bort, gamal deig bort. Nytt brød av nytt mjøl måtte bakast. Surdeig gjerer, dvs han råtnar, vert ’bederva’. Det grip fort om seg, til heile deigen er gjennomsyra. Litt surdeig er nok, den har ei veldig kraft i seg, svulmar opp og viser godt igjen. 1.Kor.5,6.

Bilde på synd = alt som ikkje harmonerer med Guds vilje og ord.

1. Kor. 5,7-8. Kristenlivet ein dobbelt tilstand:

a) Me ER usyra brød, v. 7, som frelste i Kristus. Me er reine i Jesus, Joh. 15,3, ved ordet.  Å bli rein er å la Ordet tala om Jesu død om tilgjeving. Det er vår "rett" hos Gud: rein.

b) På same tid skal det ureine reinsast ut, bli ny deig. Me treng stadig reinsing, for: det vil alltid finnast synd ved og i oss. Det går ikkje av seg sjølv. Kjøtet produserer berre surdeig, kvar dag.

Kva skal bort?

1) Gamal surdeig, dvs. alt som tilhøyrer det gamle liv i verda. v. 6: litt kan øydeleggja gudslivet. Småsyndene er farlegast. Djevelen kjem med listige angrep. Ef. 6,11-

. Han tek bort glede og fred, frimod og vitnemålet vårt. Då tek han livet. Hebr. 12,1 la oss avleggja alt som tynger og synda som heng så fast ved oss.

2) Vondskap og ugudelegdoms surdeig. Det er alle former for synd. Ef,4,31. allslags…. være langt borte frå dykk, liksom all vondskap. NT75: slutt med det. Jak.1,21:  1.Pet.2,1.

Alle former for synd må bort, små, store, grove, skjulte…Du må VILLE få dei bort. La deg ikkje bedra om at det ikkje er naudsynleg eller du maktar det ikkje. Jesus har all makt, får han bruka det på deg?

Det nye livet er usyra brød, utan noko surdeig.

a) Reinleik, vera ærleg. Ikkje berre i Kristus, men i livet. Me må stadig til Gud, OG leva meir forsiktig. Far som klokkar: "Forbetra meg kvar dag…" Usyra: rein i blodet, og å leva det livet. Så fullkomen er frelsa. Hebr. 7,25.

b) Sanning: 1. for Gud, gå med på alt han seier 1.Joh.1,7.

2. Sann overfor seg sjølv: ikkje bortforklara synda eller unnskylda den. Me kan ikkje skulda på omstendighetar aller andre m.

3. Me skal leva eit rett liv for andre, gjera opp det gale. Det er Guds krav.

Lammet skal etast, det er samfunnet med Gud. Surdeig og lammet kan aldri sameinast. For då vil surdeigen alltid vinna! Den øydelegg lammet.

2. Med bitre urter. dvs liding.

a) Trolldomen i Egypt, 13,3, Dei skulle alltid hugsa det, kor dei kom frå og kva dei kom frå. Dvs synd og verda. Me skal aldri gløyma vårt gamle liv. Tit.3,3: Ef.2,11. Me har ingen rett hos Gud, alt er av nåde. Det er viktig. Det skal dei bitre urtene minna oss om, slik at me ikkje ver hovmodige.

b) Vandringa i øydemarka, det dei gjekk til. Livet mellom Egypt og Kanaan - er kristenlivet. Ef.6,11-12 ein kamp mot Satan. Rom 12,1-2. Kjøtet vil ikkje. Difor blir du ikkje fornya, kjøtet tillet ikkje at Guds vilje blir prøvd i ditt liv, eller få kontroll.

Den som ikkje tar dei bitre urtene saman med lammet, blir snart kald, teoretisk og matlei, dvs. ein hyklar. Det går an å eta lammet feil, til skade. La oss vera nøye, med surdeigen – han lyt bort.  og med bitre urter, takka Gud for dei, dei leder oss til Kanaan. 13,8: til minne om det H. gjorde for meg.

3. Reiseklar, v. 11. Med belte om livet, sko, stav - i hast. Alt var naudsynleg.

Ei evig lov, v.17. Dom viss surdeigen var att, v.15: utstøytt av Israel, overgitt til seg sjølv i ørkenen - er død. 12,15. 19-20; 13,7.

søndag 3. januar 2021

 

Et frafall.

Av Nils Dybdal-Holthe.

Et frafall er å vende seg bort fra noe. Det kan være politisk, moralsk eller religiøst. Og et frafall innebærer at en svikter noe vesentlig – ofte noe eksistensielt som gjerne har vart en tid. Det kan skje med enkeltpersoner, en folkegruppe eller et land. De svikter noe, og noe annet kommer. Det kan også være omfattende – som at et helt system faller bort. Et eksempel her er kommunismen i Sovjet. Nesten alt det gamle ble borte, og et nytt system ble innført. Et system er en ordnet sammenstilling av flere deler til en helhet.

Kristenlivet er også slik. Alt er blitt nytt, sier Paulus. 2. Kor. 5, 17. En kristen får et fullstendig nytt liv. Det har vi sett mange ganger. Når noen blir en kristen, blir født på ny, forsvinner mange interesser. Et nytt liv oppstår på flere måter.

Men hva med kristentroen? Fra Guds side står det alltid fast. Han svikter ikke. Men vi kan forlate ham og svikte. Det kan skje at flere sider ved livet endres. Et helt «system» faller bort og erstattes av et nytt. Det betyr at både tro og tanke blir annerledes. Nye tanker og ofte en kan en ny moral erstatte det gamle livsmønster- alt blir nytt.

Hva som forsvinner først – troen eller livet, kan være individuelt. Flere ting henger sammen hos en kristen. La oss gjøre det litt personlig.

Du tar imot Jesus ved troen, og du hører og forstår at alt er gratis hos Gud. Det er av nåde. Ef. 2,8. Og nå forstår du etter hvert at selve livet må forandres. Rom.12, 2.  Du kan ikke stjele eller lyve – om du hadde praktisert litt av det før. Du kan ikke leve lenger som mange verdslige gjør. Det var mot Guds ord, og noe gjorde mange andre mennesker vondt. Det er mot de ti bud og ikke minst mot kjærlighetsbudet. Du begynner å se at du har sviktet din skaper og Frelser. Du er kommet inn i et nytt livsområde der Guds ord regulerer livet.

Men – så svikter du på ett bud. Det kan være det andre eller det sjette eller andre. I denne sammenheng er det likegyldig. Når du leker med tanken, er fallet nær. Hva med troen da? Du kan prøve å forsvare deg og forene tro og svik. I Guds øyne lykkes ikke det. Og du vil nok se det i øynene etter hvert, hvis du er ærlig..

Hvis du fortsetter å leve i sviket, er faren nær til å fortsette med nye svik. Jo flere svik du tar, blir neste steg lettere. Det er alltid første gangs svik som er vanskeligst. Etter hvert vil du kanskje tenke og tale og leve mer likt den verdslige verden. For nå koster det mer og mer å tone rent flagg. For du har ikke noe rent flagg lenger. Du er kommet inn i et «systemfrafall». Profeten taler om et «evig frafall» Jer.8,5. Du vet det er galt. Men det koster livet å erkjenne og snu.

Og veien ut? Gå tilbake til begynnelsen. Hva skjedde da du ble en kristen? Mon ikke noe av dette var i din tanke: Du visste du var på feil vei. Du visste du hadde gjort synder – i tanker, ord og gjerning. Noe av det var mot mennesker, og det måtte du gjøre opp. Det var en tung gang – med Gud gav deg mot og kraft og frimodighet til å gå. Og så fikk du gå til Jesus med alt. Han sier ennå: Jeg vil lege deres frafall. Hos.14,5.

Det ble en salig stund. En ungdom sa det slik etter en bønnestund: Det er som en byrde falt av meg. For du blir fri din fortid. Du får begynne på nytt, med et nytt liv der alt er nytt. Både tro og liv.

En konklusjon: Du kan ikke leve i bevisst synd og likevel være en kristen. Det er selvbedrag. Om frafallet er lite, har det en «evne» i seg til å øke. Det skal vi være våkne for ved alle «små» fall. Gud velsigne hver og en til å gå til Mesteren med alt. «Det er ennå rom» Luk. 14,22. «Hvor salig da den som når alt farer hen har Jesus og himlen igjen.» (Samuel Francis Smith 1831).