MOSES 1-6
2.
Mosebok
MOSES – Israel - 1
1) 2.
Mos. 1, 8-22; 2, 23-25.
Israel er i
Egypt, etter Josef og Jakobs kome. 430 år etter. Nå var Israel ukjent. Deira
sitasjon typisk for menneska - på minst tre måtar:
1. Israel si naud. Dei lei vondt, var trælar.
bygde byar for
heidningar, av murstein utan halm.
Alt blei verre,
mange døde.
Men i 1,17 og 21:
Jordmødrene ottast Gud. Dei skulle ta abort på kvinner, men var ulydige. 5.
Mos. 4,20: Egypts jernovn (1978: smelteovn).
Bilete på synda
og verda= den øydelegg menneska.
Det endar i
fortaping, evig brann.
Synda kan vera
søt i byrjinga, men er trældom.
Jesus tala til
religiøse: Joh.8,34: er synda sin træl.
Hebr. 11,25:
kortvarig nyting av synda. Synda bind folk med usynlege band, lekkjor. Dei vert
sterkare for kvar dag.. Samson var bunden, Dom. 16.
Israel var i naud
- og det gjeld oss alle. Rom.3,23 alle har synda.
2. Israel si bøn. 4.Mos. 20,13-16. Det var ikkje ritualbøn, men eit
hjarteskrik. I si fortviling gjekk dei til Gud. Han viste dei veg, og då er det
von. Det er alltid vegen i trengsla. Den er alltid open. telefonen er aldri
oppteken, kontoret er stadig opent. Mat.7,7.
Og Gud høyrde!
2,23-24. Ropet steig opp til Gud. Han visste kva som skjedde. Det kom ikkje
uventa.
Gud er lik nå:
"Gud hører bønner i dag som før."
Hallesby sa: Bønn
er å slippe Jesus inn.- Jeg har så lun en hytte i bønnen¼
Salme 40,1-2;
34,7; 50,15.
3. Israel si berging. 2,25. Då er dei trygge.
= vårt håp,
einaste redning i synda si natt.
Gud gjord ei pakt
med folket. Kom dei ihug. = nådepakt.
Jes. 55,3: alt av
Gud.
Ikkje vår
gjerning, ikkje nok å gjera vårt beste.
Her gjeld berre
Guds verk i Kristus. Det gjeld. Det gir full forlating og oppreisning.
For dei som trur:
gå til Jesus med di naud. Salme 32: eg sanna mi synd for deg og skjulte ikkje¼ då frelser
han.
Då tek han seg av
oss. Heb. 2,16 Abrahams ætt tek han seg av. Då er du innafor nådepakta.
Er her nokon i
nød? Her er han som kan løse hver syndebunden trell.
I denne tida kom
Moses som reiskap for Gud.
Moses
- 2
2) 2.
Mos. 2,1-6; 11-15; 3,1-6. Hebr. 11,23-27.
Moses var ein
reiskap til å berga Israel ut or Egypt. Men han var uferdig. Han måtte ha
hjelp, bli utrusta og leia. Israel var i nød, men Gud trong hjelp!
1. Moses sin barndom. Han var berga ved eit under. Alle gutar skulle kastast
i Nilen.
Her blei foreldra
brukt av Gud. Han var vakker for Gud, Apg. 7,20.
Dei var ikkje
redd straffa, men gøymde han. Overlet han i Guds varetekt, i ei korg.
Gud hadde ein
plan. Han ville bruka Moses - då veit han alltid veg.
2. Moses sitt val. Hebr. 11,24f. Han var vaksen, 40 år.
Han nekta å
kallast Faraos dotterson, dvs. bli stor i denne verda.
Han valde heller
liding, enn ei kort nyting av syndelivet. han akta Kristi vanære for større enn
skattane i Egypt. = Livet med Gud er rikare enn alt i verda. Det er vår veg.
Det var eit enten
eller for Moses. Josva 24,15: Vel i dag kven de vil tena. 1. Kong. 18,21: Kor
lenge vil de halta til begge sider. Elias på Karmel.
3. Han prøvde å berga/ hjelpa Israel. 2,12.
Moses meinte det
godt, trudde det var rett, men misforstod. Ikkje alt me trur er rett.
Han prøvde på
kjøteleg vis, i eiga kraft. Mange går feil her.
Jødane sjølv vart
redde, v. 14. Difor måtte han flykta, han var den skuldige.
Mange må lida av
sine feilgrep i livet, og betala for si synd menneskeleg. Han vart i øydemarka
i 40 år. Der skulle han bli reinsa, lutra og bli prøvd.
4. Moses møter Gud. kap. 3. Han får eit kall. 80 år gamal.
Nå møter han Gud
i tornebusken, den brann ikkje opp.
Då vart Moses
liten, audmjuka, hadde lita tru på seg sjølv. 3,11.
Møtte ein levande
Gud, ein heilag Gud, ein frelsesgud, og fekk eit kall til teneste.
Me legg merke til
at Moses var viljug å gå då han gjekk i kjøtet, men motet svikta då Gud kalla.
Slik er ofte eit rett kall.
Slik kjem den
same Gud til oss nå. Han treng viljuge vitne, i kvardagen, im offer og arbeid.
Men ikkje dei som går i eiga kraft og mot.
Gud brukar ikkje
englar eller fullkomne menneske. Men frelste syndarar, som har møtte den
levande Gud!
Moses - 3
3) 2.Mos.
2,23-3,14.
Israel var i
Egypt i 430 år, som trælar og leid vondt. Det er bilete på synda og verda, som
endar i fortaping. Moses var på flukt i Midian. Nå møtte han Gud i tornebusken.
Det er bilete på Israel i trengsle - og Guds folk.
Dette hende på
Sinai - der lova skulle gjevast seinare. Tornebusken var ei openberring av Gud,
korleis han var og om Israel. Det var ei ny og uvanleg hending. Det sette merke
i Moses og gav ny kraft. Livet fekk ny retning, han vart utrusta til
livsoppgåva. Moses skulle føra Israel ut or trældomen. Då trong han dette
møtet. han fekk ei ny personleg erfaring med Gud. Og det er ei veldig kraft i
livet. Kva fekk han sjå:
1. Han såg ein levande Gud, v. 2. Gud tala ut or den brennande
tornebusken. . Og det var ikkje ein ny Gud, det var den gamle frå Abraham si
tid og seinare., v. 6. Jfr. Apg. 7,30 - Stefanus, og Mark. 12,26f.
Menneska vil
avskaffa Gud, dei trur ikkje lenger på han. han er til bry, difor må han bort.
Dette ser me i TV, lovverket, skulen og privat. Mange reknar ikkje med Gud, det
er materialisme. Som 1.Kor. 15,32: Lat
oss eta og drikka for i morgon døyr me.
Men Gud lever i
dag! Gud viste det for Israel, ofte, ved dom og straff. Det same må vårt folk
sjå.
2. Ein evig Gud, v.14. Tornebusken brann ikkje opp - det gjeld Israel
som folk - og Israels Gud. Nå fekk han høyra namnet: Gud ER. Og det tyder nett
at han lever, er til, han er ikkje tidsavgrensa. Og han kan ikkje forandra seg.
Slik han var før er han nå. "Den Gud som var på Mose tid, er likedan i
dag." Gud er ikkje snillare nå enn i GT. Hebr. 13,8 seier at Jesus er den
same - der tilhøva i GT er nemnde. Og i Jak. 1,17 står at det ikkje er noka
endring hjå Gud. Jesus sa mange gonger: Eg er ¼(særleg i Joh.). Då viser han truleg til
dette namnet i 2.Mos. 3. Det kan ikkje uttalast rett og vert berre skrive JHVH.
- Denne Gud er vår Gud.
3. `Han er ein heilag Gud, v. 5.
Ta skoa av, sa
Gud - du er på heilag grunn. Og me er alltid det når me kjem inn i Guds
nærleik. Han løynde andletet. Det var
ei sterk oppleving. Eit menneske kan ikkje sjå Gud og leva. Det fekk Moses
oppleva, 2.Mos. 33,20. For han tåler ikkje synd. han er 3 gonger heilag, som
Jesaja opplevde. Jes. 6. Og i Jes. 5,16 heiter det: Han syner seg heilag ved
rettferd. Han er rettferd og vil ha rettferd også hjå oss. Me må læra at Gud er heilag, me bveit det
ikkje av oss sjølv, av natur. 3.Mos. 19,2 og 1.Pet 1,16.
4. Gud vil frelsa, v. 7ff. Det opplevde Moses her. Gud føl med oss, veit
korleis me er. Nå har han stige ned og vil føra dei ut or Egypt. Midt i at han
er heilag vil han hjelpa dei syndige.
Det er ekte kjærleik. Han vil frelsa det fortapte. Luk. 19,20.
1.Tim.2,4. Her ser me Jesu verk. Han tok våre synder. Me kan berre ta imot.
5. Då trong Gud hjelp, v.10. Han måtte ha eit sendebod. Han skulle hjelpa
sitt eige folk som var i naud. Difor kalla
han Moses.
6. Tornebusken eit bilete på Israel i Egypt. Det var i naud, i brann, i stor trengsle.
Busken var liten og forakta. Men den brann ikkje opp! Israel vil alltid bestå.
Slik er det også med Guds menighet. Mat. 16,18. Gud vil bevara sine i trengsla,
og føra oss ut i rett tid. Me har ein levande Gud, som vil frelsa - Noreg og
Israel og Heidningane.
Men han treng
faktisk hjelp - ved vårt vitnemål. I ord og liv og gjerning.
Dette møtet med
Gud endra Moses, han blei ein mektig leiar. Kvifor? Han bøygde seg, 4,18, trass
i innvendingar. Så fekk han hjelp av Guds stav, 4,20 (17).
Må me også få
litt av brannen, leva nær Jesus så me aldri sloknar.
MOSES 4:
4) 2 Mos. 7-11.
Guds straff og
dom over Farao og Egypt. Salme 105, 24-36.
Det var kamp
mellom Moses (som representerte den einaste sanne Gud), og Farao (som
representerte Egypt – både stat og religion).
Dei ti plagene
hadde eit dobbelt sikte: 1) Dei skulle gjera Farao audmjuk så han gav etter og
let folket fara, og 2) prova ovafor både Egypt og Israel at dei egyptiske
(av-)gudane var maktlause ovafor Israels Gud Jahve.
1. Vatnet i Nilen vart til blod (av
utsjåande) (kap. 7,14-25). Egyptarane tilbad Nilen som gud (Hapi), og blod var
ein styggedom for folket der. Difor viser dette fyrste underet at deira gudar
var maktlause i møte med Jahve. Synd fører stor forbanning med seg. For i
tillegg var var Egypt avhengig av Nilen – både drikkevatn (og vask) og for å
vatna jorda i Nilen-deltaet.
2. Frosk som straff (8,6-15) (gml.: frøer).
Frosken var tilbedd som symbol på skaparmakta i Nilen, men vart her til ei
plage.
3. Mygg (8,16-19). Alle vart angripne,
inklusivt prestane. Lova forbaud dei å stå for altaret så lenge det var mygg
der. Dermed stansa all gudsteneste opp. Spåmennene til farao var dei fyrste som
innsåg og erkjende at ein annan Gud var der, v. 19.
---
4. Fluer ((8,20-32). Egyptarane sin gud mot
fluer, Ba’al Sebub, skulle verna dei mot dette, men var maktlaus. Her kjem
unnataket: Gosen vart spart. Sjå det fine verset i v. 23: ”ei frelse til
skilje”. Og her kjem Farao vedgåing (kompromis), han bed om forbøn, v. 28.
Farao fekk varsel på førehand, v. 20.
5. Pest på kveget (9,1-7). Alle slags kveg
vart angripne i heile Egypt. Dei heilage tempeloksane (Apis) vart tilbedne som
gud, vart òg sjuke. Difor vart sjølve guden deira sett ut av funksjon. Men dyra
til israelittane gjekk fri.
6. Byllar (9,8-12). Dett er den fyrste
plaga som direkte rammar egyptarane sjølv. Til og med spåmennene fekk byllar,
så dei måtte gje opp. Herren forherda Farao. Ingen varsel.
---
7. Hagl (9,(13)18-35). Heile grøda
øydelagd, sjå Salme 78, 47-48. Salme 105. Farao sannar si synd for fyrste gong
(9,27). Men erkjenninga hans gjekk ikkje i djupna, men var hykleri. ”I naud
ropar folk på Gud!” Varsel.
8. Grashopper (10, 1-20). Dei egyptiske
gudane kunne ikkje hjelpa her heller. Alle planter vart øydelagde. Landet vart
utarma. Farao vedgår for andre gong og sannar synd. Tenarane pressa på: Lat dei
fara!
9. Mørke (10,21-29). Sola var ein hovudgud
for egyptarane (som i mange religionar). Faraos vedgåing for tredje gong. Men
han var ikkje audmjuka nok.
---
10. Dei fyrstefødde døydde (11, 5 – 12,1-).
Farao gjev seg utan vilkår – for fyrste gong, men for seint! Den største av
alle plagene. Israel var grusomt undertrykt – sterk straff: Alle fyrstefødde
drepne – frå kongen til trælar og buskap.
- Farao var sjølv
ansvarleg for ulukkene. Han forherda seg på grunn av at han ikkje ville bøya
seg for Guds vilje. Det førte både til straff over Egypt og at Herren forherda
Farao.
5) 2 Mos. 4-10/11.Utgangen frå Egypt.
Her
er ei veldig hending. Mange ting hender, og me kan berre ta med eit oversyn og litt meir om einskilde saker. Israel
var i Egypt i 430 år (Gal 3, 17). Folket var nedslitne, 2 Mos. 6, 9. det var
ikkje (berre) uvilje, med dei var sløve og trøytte. Kva skjedde?
1. Gud kalla ein reiskap, kap. 3. Moses var utvald. Det var nåde – han var ein
mordar.
2. Reiskapen hadde tvil – fleire gonger. Moses kjende seg uverdig, for liten
– det er eit godt teikn! Kanskje me har for mange ”flinke”. Han hadde fire
orsakingar:
a) Han var
udugeleg, 3, 11: Kven er eg? Han fekk eit teikn, v. 12. Han skulle kom att
til same staden/fjellet. Sjå kap. 19, 2. – 2 Kor 3,5: Vår dugleik er av Gud.
b) Han kjende
ikkje Guds namn. Kven han
er, v. 13. Det var mange gudar i Egypt, og korleis kunne han vera viss om at
dette var Israels Gud? Det er farleg for ein Guds tenar å ikkje kjenna Gud!
Ikkje kunnskap i tanken, men hjarta er viktig. – Svar: Jahve = Eg er – ein
levande Gud, 14. Moses fekk mykje å gjera med han.
c) Folket var
vantru. 4, 1. Moses var
redd. Han hugsa nok for 40 år sidan! Folket si vantru er ofte ei lekkje for
oss, og me tenkjer: det nyttar ikkje meir. Svar = 3 under: Stav, hand, vatn til
blod. Gud er allmektig, og vil visa folket det. Nå!
d) Eg kan
ikkje tala. 4, 10. Moses
stamma? Fann ikkje rette ord? To svar = i) v. 12: Herren skal læra han – var
ikkje ferdig i Guds skule. ii) v. 14: Fekk medhjelpar: Aron, broren. (Moses var
mest fortvila no: Send kven som helst, v. 13, men Gud gav ikkje opp!
- Gud har alltid
svar, hjelp og utveg. Moses gav seg til slutt – og gjekk til Egypt.
3. Moses i Egypt. = hans misjonsmark no. Møtte farao. Hovudsaka var:
Folket skal ut, dyrka sin Gud på sin måte. Guds folk måtte ut or synda, verda,
trældomen.
Her møtte Moses
hindringar. To krefter stod mot kvarandre: Moses – representant for Gud/Jahve,
og farao – repr. For verda og djevelen. Slik er det alltid.
Farao repres òg
makta, militæret, politikken. Dette har ofte vore på djev. si side. Gud måtte
tvinga farao, og senda 10 plager. Meininga med dei (hensikten) var dobbel: 1)
Gud skulle audmjuka farao slik at han gav etter; og 2) prova at gudane i Egypt
var utan makt, at det var Israels Gud som styrte. Og dette skulle gje Israel
mot til å dra ut.
Dei ti plagene:
Dei kan delast
inn i 3 x 3 + 1.
Den fyrste i kvar
av dei tre gruppene skjedde tidleg om morgonen (kap. 7, 15). Dei to fyrste i
kvar gruppe kom etter varsel til farao – den siste utan forvarsel. Gud trugar
med straff, og let ho koma.
1. gruppe: galdt
heile Egypt – òg Israel.
2. gruppe: Her
kom skilje mellom Israel og Egypt, kap. 8, 23: ”ei frelse til skilje”, dvs.
Israel skulle verta berga, det skulle farao sjå.
3. gruppe: Desse
var verre enn dei fyrste, og berre over Egypt. Det var eit varsel om den
endelege domen.
MOSES – 5-6.
6) 2.
Mos. 12,1-14.
Påske - utgang og forbigang.
Stor høgtid i Israel. 4 Mos. 9:
dei ureine feira 1 månad seinare.
Førebilete på frelse - frå synda
sitt slaveri til fridom i Kanaan. Apg. 26,18. Kol.1,13. 1.Kor.5,7.
Jesus er altså omtalt ved
førebilete her.
Bakgrunn: Guds dom over synd.
11,5: død. Gud kravde død over synd og syndar. Ramma heile Egypt, utan omsyn
til alder. v. 6: Guds dommedag. Nå. Rom.3,23.
MEN: Gud ordna ei frelse. Joh.
3,16. på ein bestemt måte, den var sikker. Jødane slapp fri.
Slik nå: det er ein veg frå
synda til himelens port.
Fleire ting:
1. Eit lam nødvendig. Det var redninga. Utan det blei ingen fri. v. 5 utan lyte - bilde på Kristus.
2. Måtte slaktast elles unyttig.
skulle døy - blei stedfortredar for jøden, Israel.
Slik er Jesus unyttig utan
døden. Berre som det slakta lam kan han frelsa. Nokre har Jesus som ein stor
lærar, eksempel, moralpred. ideal - eller for å bli lykkelig. Det er rett og
sant, men frelser ikkje.
Joh. 1,29, Åp. 5,9. 1.Pet.1,19.
Er du frelst ved blodet? Har du
sett det slakta lam for di skuld? Det er frelse.
3. v.7: Blodet måtte brukast, elles unyttig. Skulle vera eit teikn for
mordarengelen.
Blodet må strykast på kvar dør,
personleg bruka det. På kvar side, oppe - men ikkje nede, skulle ikkje trakkast
på. Men du er verna på alle kantar.
Me må bruka det på hjartedøra,
bli reinsa i blodet, det er frelse. Op.7,14f. vaske kjolane sine difor er dei…
Korleis: ved å overgi seg til
Gud= omvending. Det er å sanna si synd, tru på blodet som betaling for synda.
4. v. 8: Lammet skulle etast, var styrke på vegen. Dei
hadde ei lang reis framfor seg. . Me treng åndeleg mat, for å leva og å arbeida
for Gud. Kva lever di sjel av? Lovar, bod, verdsleg underhaldning. Svelteforar
du di sjel?
Den rette maten er lammet, me
treng stadig å høyra om det. 188: Det blir sunget en sang av enfoldige små. Det
er høgtid, v. 14.
7) MOSES
-6. - 2. Mos. 12, 8-11.
Påske er utgang av Egypt. Nytt år tek til for jød. Dei var berga ved
blodet og lammet. Joh. 12,9 Dei skulle eta lammet, styrke på vegen og tenesta.
Korleis skulle dei eta? Det er bilete på kristenlivet. På reisa til himlen, og
vera til nytte for Gud?
1. Med usyra
brød. 7 dagar eta det, de usyra brøds høgtid. Alle surdeig måtte bort, gamal
deig bort. Nytt brød av nytt mjøl måtte bakast. Surdeig gjerer, dvs han råtnar,
vert ’bederva’. Det grip fort om seg, til heile deigen er gjennomsyra. Litt
surdeig er nok, den har ei veldig kraft i seg, svulmar opp og viser godt igjen.
1.Kor.5,6.
Bilde på synd = alt som ikkje
harmonerer med Guds vilje og ord.
1. Kor. 5,7-8. Kristenlivet ein
dobbelt tilstand:
a) Me ER usyra brød, v. 7, som
frelste i Kristus. Me er reine i Jesus, Joh. 15,3, ved ordet. Å bli rein er å la Ordet tala om Jesu død om
tilgjeving. Det er vår "rett" hos Gud: rein.
b) På same tid skal det ureine
reinsast ut, bli ny deig. Me treng stadig reinsing, for: det vil alltid finnast
synd ved og i oss. Det går ikkje av seg sjølv. Kjøtet produserer berre surdeig,
kvar dag.
Kva skal bort?
. Han tek bort glede og fred,
frimod og vitnemålet vårt. Då tek han livet. Hebr. 12,1 la oss avleggja alt som
tynger og synda som heng så fast ved oss.
Alle former for synd må bort,
små, store, grove, skjulte…Du må VILLE få dei bort. La deg ikkje bedra om at
det ikkje er naudsynleg eller du maktar det ikkje. Jesus har all makt, får han
bruka det på deg?
Det nye livet er usyra brød,
utan noko surdeig.
a) Reinleik, vera ærleg. Ikkje
berre i Kristus, men i livet. Me må stadig til Gud, OG leva meir forsiktig. Far
som klokkar: "Forbetra meg kvar dag…" Usyra: rein i blodet, og å leva
det livet. Så fullkomen er frelsa. Hebr. 7,25.
b) Sanning: 1. for Gud, gå med
på alt han seier 1.Joh.1,7.
2. Sann overfor seg sjølv: ikkje
bortforklara synda eller unnskylda den. Me kan ikkje skulda på omstendighetar
aller andre m.
3. Me skal leva eit rett liv for
andre, gjera opp det gale. Det er Guds krav.
Lammet skal etast, det er samfunnet
med Gud. Surdeig og lammet kan aldri sameinast. For då vil surdeigen alltid
vinna! Den øydelegg lammet.
2. Med
bitre urter. dvs liding.
a) Trolldomen i
Egypt, 13,3, Dei skulle alltid hugsa det, kor dei kom frå og kva dei kom
frå. Dvs synd og verda. Me skal aldri gløyma vårt gamle liv. Tit.3,3: Ef.2,11.
Me har ingen rett hos Gud, alt er av nåde. Det er viktig. Det skal dei bitre
urtene minna oss om, slik at me ikkje ver hovmodige.
b) Vandringa i
øydemarka, det dei gjekk til. Livet mellom Egypt og Kanaan - er kristenlivet.
Ef.6,11-12 ein kamp mot Satan. Rom 12,1-2. Kjøtet vil ikkje. Difor blir du
ikkje fornya, kjøtet tillet ikkje at Guds vilje blir prøvd i ditt liv, eller få
kontroll.
Den som ikkje tar dei bitre
urtene saman med lammet, blir snart kald, teoretisk og matlei, dvs. ein hyklar.
Det går an å eta lammet feil, til skade. La oss vera nøye, med surdeigen – han
lyt bort. og med bitre urter, takka Gud
for dei, dei leder oss til Kanaan. 13,8: til minne om det H. gjorde for meg.
3. Reiseklar, v. 11. Med belte om livet, sko, stav - i hast. Alt var naudsynleg.
Ei evig lov, v.17. Dom viss
surdeigen var att, v.15: utstøytt av Israel, overgitt til seg sjølv i ørkenen -
er død. 12,15. 19-20; 13,7.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar