lørdag 17. desember 2016

Jul 2016



Ennå eit år er snart fare frå oss. Dei går så fort nå desse åra. Dei er som ein vevarskyttel som fer av stad og legg etter seg eit mønster, dag for dag. Nå ved slutten ser me biletet me sjølv har laga.

For vår del her på Bø har det gått på det jamne for det meste. Litt småsjukt har det vore, men ikkje dei store ulukker og katastrofar. Det takker me for og gleder oss over i kvardag og fest. Det mest synberre er kanskje at eg (Nils) føler meg så snart trøytt og sliten.

Året byrja med fint ver, skreiv eg i dagboka. Og det vart heller få møte dette året. Eg måtte rett og slett seia nei fleire gonger. Men eg har tala litt – på Misjonshuset i Haugesund, bedehuset Betania i Haugesund, Misjonshuset på Stangeland, Vedavågen. Ekstra interessant var det for meg å få tala på Frelsesarmeen i Kopervik fleire gonger dette året. Eg er jo gamal løytnant i den armeen. 1. okt fekk eg også tala på ein stor basar i Kopervik bedehus.

Dette året måtte eg fornya førarkort for bil, og det skjedde i slutten av oktober. Elles går me her i huset, møter kjende og handlar litt – og det vanlege.

Bjørg har vore trufast på Gjenbruken i Avaldsnes heile tida. Ho går i foreining, passar ungar og steller godt med mannen og huset.
Me var på ein dagstur til Sand, Suldal, Røldal og heim i sumar saman med Kels og Tor Magne, og me har ikkje vore på langtur elles. Bjørg og Gunnbjørg (som jobbar på Gjenbruken) var også på udlatur til Gjestal og Byrkjedalstunet. Gjenbruken var og på tur til Sundhordland – der var Bjørg med. Me var ein tur til Vikedal til Mette og Finn der bror Ola og sonen Bård med kona Marita også var. Ein koseleg dag. I år var me saman med Kjellfryd og Tor Magne ein tur til Bokn hjå onkel Johan og tante Anne Marie og hadde ei hyggeleg stund.


Gjennom alt som skjer, er trua på den Allmektige Gud og Frelsaren, det som veg mest for oss. Det gir livet meining og mål. Me kan ikkje leva godt og rett utan det. – Nå ynskjer me alle Guds fred og signing over julehelga og det nye året. Her kan me ta med oss dette ordet frå Guds bok: Matteus evangelium kap. 1, 21:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar