fredag 2. september 2016

Til lags åt alle....

Til lags åt alle kan ingen gjera, det er no gamalt  og vil så vera.
Eg tykkjer støtt at det høver best å hjelpa den som det trenger mest.

Og kor du bryggjer og kor du bakar, d'er alltid ein som det ikkje smakar.
Og når den eine då gjerer rop, så ropar sidan den heile hop.

D'er mange nok som vil domar vera, og le åt alt som dei andre gjera,
og lyte finna dei rundt ikring. og sjølve gjera dei ingen ting.

Og ymse folk er no altfor redde at dei hadde til spott og hædde.
Dei skulle taka det heller lett, det kunne henda dei hadde rett.

Her spørst no minst om kva mange lika, mot rett og sanning må allting vika.
Det gjelder lite om tungt og lett, det gjelder beinast om rangt og rett.

- Det var Ivar Åsen frå Sunnmøre som skreiv det. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar