Ein gløymd prest.
Eg har nokre gonger undrast over kor fort folk vert gløymde.
Mange mennesker har eg
kjent, som nå er døde. Men ingen talar om dei eller ser ut til å hugsa
dei lenger. Dei er innskrivne i gløymeboka. Det er kanskje ikkje så rart når me
ikkje har gjort noko sers.
Men folk som har gjort storverk, vert dei gløymde? Her skal
me tala litt om ein som gjorde mange storverk. Og det var ein prest i
Avaldsnes. Han laga ei ny slags ordbok, var misjonær i det høge nord, samt
prest der - og meir enn det. Han
enda opp som professor. Men er det mange som kjenner Han nå?
Namnet var Knut
Nilsen Leem. Faren var prest i Haram, Sunnmøre, der Knut vart fødd i 1697. Og
farfaren var frå Bergen. Knut døydde i 1774. Han gjekk ikkje på vanleg latinskule,
men las heime og vart student i 1713. To år etter tok han presteeksamen i
København med beste karakter – på den tid gjekk det fort! Då han kom heim att
til Noreg, var han først hjelpeprest i Volda og Tingvoll.
Finnmark og samane.
Faren hadde vore prest i Finnmark i unge år, så frøet var
kanskje planta i han frå før. I alle høve kom han i kontakt med Thomas von
Westen som skulle reisa på si tredje misjonsreis til Finnmark i 1722. Knut Leem
vart med der. Året etter melde han seg til teneste i misjon. Dei to neste åra
var han i Trondheim og studerte samisk. I 1725 drog han så til Finnmark og vart
stasjonert i Porsanger og Laksefjord. Han hadde lova von Westen også å studera samisk
språk. I 1728 vart han prest i Alta og kunne tala til folket på deira eige mål.
Fem år etter var han ein tur til Sunnmøre og vitja far sin.
Kong Kristian 6 var i Ålesund på denne tida. Og språkforskar Torleiv Hannaas
skriv i føreordet til Leems «maalsamlingar» at Leem fekk tala med kongen då.
Han har nok ymta frampå om eit embete i Sør-Noreg. For kongen har lova han eit
betre embete, og i desember 1734 fekk han tilsagn om Avaldsnes. Men han byrja
ikkje der før sumaren etter då han flytte frå Finnmark. Og medan han var på
Møre, nytta han høve til å gifte seg – brura var Sophia Aleta Ruberg d.1804. Ho
var dotter til presten Christian Fr. Ruberg. Dei hadde dottera Anna gm presten
Lemvik.
Leem kom altså til Avaldsnes sumaren 1735 – til ei kyrkje i
ruinar (og ikkje i 1734 som det står i «Kongekyrkje ved Nordvegen» s.146).
Sjeldan har vel ein norsk prest hatt ein slik start på tenesta si i Sør-Noreg.
Og han kom opp i ein strid med folket her, med biskop og styresmakter. Her var
det fleire ting å ta tak i og bruka krefter på.
Ved sida av tenesta i kyrkja, hadde han fleire andre ting å
ta seg av. Han kunne ikkje gløyma samane. Og det var språket og kulturen som
opptok han. Medan han var i Avaldsnes arbeidde han ut ei samisk ordbok og
grammatikk m.m og ei norsk dialektordbok. Me kan ikkje anna enn seia at Leem
var ein glup kar og eit uvanleg arbeidsjern. Det ser me også av den
kyrkjestriden han kom opp i.
Strid om kyrkja.
Som sagt var Avaldsneskyrkja til nedfalls. Tårnet var ustabilt
og steinar ramla ned. Taket på hovudskipet var borte og murane til hovudskipet
var dels rasa ned. Koret ser ut til å ha vore intakt. Men det var for lite til
å samla kyrkjelyden, difor hadde dei bygt ei lita trekyrkje inne mellom murane
i flukt med koret.
Nokre år før Leem kom, var alle kyrkjene i Karmøy selt til
private. Kyrkja på Avaldsnes vart kjøpt av von
Krogh i Hogganvik. Dei nye eigarane fekk då ansvar for å halda kyrkjene ved like.
Då fekk Leem oppleva at det ikkje skjedde. Litt etter 1714 var det litt
reparasjon på kyrka, m.a. vindaugo. Men F. Fyllingsnes skriv at «situasjonen
var utan tvil verst for kirken på Avaldsnes» (Karmøys historie III, s. 408).
Og nå vart det strid og kamp midt i Leem si tid. Fleire ting
spelte inn her. Kyrkja var for lita, det var ikkje plass til alle. Difor flytte
Leem gudstenestene til nabokyrkjene. Då var Torvastad nærast, andre kyrkjer var
Skåre, Falnes, Åkra og Ferkingstad. Det gjorde han i 4 år. Ein annan grunn til
striden var at folket rett og slett gjorde opprør. Dei nekta å gå i den falleferdige
kyrkja der det rasa ned stein frå murane. Julehelga i 1744 fall det t.d. ein
stein ned frå muren og krasa eit vindauga på trekyrkja, skreiv Lars Skadberg i
boka «Olavskyrkja og..» i 1950 (s. 216). Det brennbare spørsmålet var då: Skal
dei byggja oppatt steinkyrkja, eller skal dei byggja ny kyrkje. Og biskop Kærup
ville dei skulle byggja kyrkje nede på Gloppeneset. Det hang truleg saman med
at ein del kyrkjefolk kom med båt – frå austsida av Karmøy og frå fastlandet og
Fosen. Prost Schrøder var samd i det i rapporten 14. aug. 1746. Kyrkjeeigaren
meinte og at dei måtte riva kyrkja. Biskopen skreiv til kongen om saka i
oktober med planar for flyttinga. Så kjem brevet frå kongen, skrive 25. okt.
1746: Kyrkja må flyttast til Gloppe ved sjøen.
Det vart rett og slett eit opprør etter dette. Og presten
Leem var på folket si side. Presten var ein mann som handla. Han ville til
København og tala med kongen. H-E
Liden skriv i boka Kongekyrkje ved… (s. 146) at han har «en viss mistanke om at
det ikke bare var Avaldsneskirkens skjebne som lå ham på hjertet». Dette var i
1747. Og Leem hadde med seg manus til den samiske grammatikk som han hadde
gjort ferdig. Den ville han nå få trykt. Men Liden skriv også at «det er all
grunn til å tro at han også var genuint opptatt av Avaldsneskirken». Og
det vart som Leem ville: Gamlekyrkja skulle reparerast.
Dei fekk ein del pengar og bygde trekyrkja opp att litt
større. Det var galleri og det vart og gjort større. Ein storm mot slutten av
1700-talet braut ned noko av tårnet, men murane
vart ståande. Men me går ikkje nærare inn på dette her. von Krogh var
lei av heile greia og selde kyrkja til prost Schrøder i Skudenes i 1749. Tre år
etter sa Leem farvel til Avaldsnes og vart professor i samisk språk m.m. i
Trondheim.
Leem var også oppteken av skulen. Han ville sørga for at dei
både i Finnmark og i Avaldsnes fekk dyktige folk. Det ser me t.d. av brev til
biskopen, skrive i Torvastad 29. april 1739. Det var truleg i samband med ei
gudsteneste der. Han var prest i Avaldsnes i pietisttida med innføring av
konfirmasjonen i 1736, læreboka til Pontoppidan - Sannhet til gudfryktighet i
1737-8, og «Forordning» om folkeskulen
på landet i 1739 og «Placat» om skulen i 1741. Alt dette hende i tida hans i
Avaldsnes.
Maalsamlingar.
Men ein ting til må seiast av denne presten. Medan han var i
Avaldsnes samla han ord og uttrykk frå Avaldsnes egn. Her er det omlag 4000 ord
og uttrykk (etter T. Hannaas).
Bakgrunnen for dette var m.a. at det kom eit skriv frå København til alle
prestar om å samla inn norske ord og talemåtar. Og Leem tok oppgåva alvorleg.
Denne samlinga kom på avveg ei tid, men enda opp i København. Det var Johannes
Hidle frå Sjernarøy som fann det i eit bibliotek i København i 1910. Denne boka
blir nokre gonger omtala som ord og uttrykk frå Avaldsnes på 1740-talet. Det er
litt upresist. Eg har gått gjennom ein god del av boka og funne ord frå fleire
andre stader i landet. Nokre fekk han truleg av Torvastad-presten Leganger. Han
kom frå Valle i Setesdal. Han og Leem var prestar på same tid her på Karmøy.
Det er mange ord frå Avaldsnes, men også frå andre stader.
Her er ord frå Sunnmøre, Trøndelag, Setesdal, Nordland, Bergen stift m.m.
Fleire gonger står orda utan stadnemning eller: «en del Steder». Nokre gonger
kan ordet ha ulik tyding andre stader. At han har ein del ord frå Sunnmøre, er
rimeleg. Han vaks opp der. Og orda frå Setesdal har han truleg frå presten
Leganger. Og Finnmark høyrde då til Trondheim stift. At han ikkje har noko
serleg frå nabobygda Torvastad der han også var kjend, kan tyda på at språket
var nokså likt i desse to bygdene. Nokre ord han forklarer er kjende nå i andre
bygder, t.d. Hæs (hesje) og eldhus og kielke som eg kjenner frå Vikedal. To heilt
ukjende ord for meg er: jåka: jente 8-15 år, og jøks: gut 8-15 år, begge frå
Avaldsnes. Fins det nokon som seier jåka og jøks i dag her?
– Eit interessant ord her er «gogner». I Avaldsnes var det
brukt t.d. om instrumenterog reiskap av tre til å slå rep med, skriv han. Mange
år seinare kom Ivar Aasen med si ordbok, her sitert etter utgåve 1918. Han
forklarer «gogn» med reiskap som kar, kjel, veverstol. Han har funne det i Ytre
Sogn, Nordland, Sundmøre, Nordhordland. Og Aasen kjende ikkje til Leeum si bok,
den kom først ut i 1923. Endå meir interessant er det at me finn det i Bibelen,
nynorsk utgåve 1938/1949. I min ungdom var eg på eit bibelkurs. Leiaren bad oss
lesa kvar sitt avsnitt. Eg skulle ein dag lesa frå 2. Kong. 29, 26f: om Davids
spelgogner. Leiaren stansa meg og sa: Kva tyder det? (Han var bokmålsmann). Eg
visste ikkje det. Ein med bokmålsbibel sa: Her står: musikkinstrumenter. Det
var altså ikkje berre eit ord frå Avaldsnes, men kom med i Bibelen.
Leem gir ein del forklaringar om orda, og T. Hannaas har
fotnoter med forklaringar, sume gonger utfyller han presten sin kommentar. Det
var han som fekk Leem si bok i trykken. Han har gjort eit kjempearbeid her. I
tillegg har han samla i boka ein del ordspråk o.a. Men boka om samane i
Finnmark blir rekna som hovudverket hans.
Olav Hovda skreiv i sin artikkel om Leem i Haugesunds Avis i
1980 at trass i alt han gjorde, er han likevel «ein gløymd prest». Det fortener
han ikkje.
Av Nils Dybdal-Holthe.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar